Årets unge bonde

Vi gratulerer Jørgen Andrisson Kvam og Thea Sandsengen med tittelen «årets unge bonde»

Vi gratulerer Jørgen Andrisson Kvam og Thea Sandsengen med tittelen "året unge bonde"

 Ordførar Jøran Ødegård Lunde delte ut ei påskjønning  frå Vang kommune, til Jørgen Andrisson Kvam og Thea Sandsengen , under kommunestyremøte 19.9.24. Dei vart kåra til Årets unge bonde under Dyrsku`n i Seljord  sist helg. 

Dei unge bøndane driv med mjølk- og ammekyr, og har ei mjølkekvote på 250 000 l. Dei nyttar gamle tradisjonar som støling  og  nytter  innmark -og utmarksbeite 5 - 6 månader i året.   Dei er og fokusert å drive garden på en berekraftig og miljømessig måte, samt nytte dei resursane garden har.   Jørgen og Thea vil stå fram som viktige ambassadørar for landbruket i Vang og Valdres det neste året.

Årets unge bonde- prisen vart delt ut av landbruksministeren Geir Pollestad grunngjevinga for prisen ligg under link frå Regjeringa:

Jørgen Andrisson Kvam og Thea Sandsengen fra Valdres er kåret til Årets unge bonde - regjeringen.no

 

Presentasjonsvideoen kan lastes ned her https://we.tl/t-NAhyfIsOXK