Besøksrunde til verksemder

Kommunedirektør Haaverstad og nytilsett næringsrådgjevar Oppheim vil dei nærmaste vekene gjennomføre ein besøksrunde til verksemder i Vang kommune for ein uformell prat samt få litt innsikt i kva dei ulike aktørane styrer med.

Førebels køyreplan ser slik ut:

  • Onsdag 12. februar: Verksemder på strekninga Ryfoss - Kvismo - Tveita bru.
  • Tysdag 4. mars: Verksemder  Vang - Øye.
  • Tysdag 11. mars: Verksemder  Tyin - Filefjell.

 

Ta difor snarast kontakt med Erling Oppheim på tlf. 95 17 25 95 eller via erling.oppheim@vang.kommune.no  om de ynskjer at vi skal helse på.