For at det kan krevjast avgifter for ferdsel på privat veg og parkering på private plassar, er det eit krav i Veglova § 56 at kommunen har godkjent det. Dette gjeld også storleiken på avgiftene.
Det er få av dei private vegane og parkeringsplassane i Vang som har innhenta slik godkjenning.
Søknad om godkjenning av avgiftsordning, inkludert bom-/parkeringssatsar skal sendast Vang kommune, Landbruk og teknisk etat, evntuelt på e-post til postmottak.