Vang kommune skal våren 2025 administrere drift av bygdekinoen i Vang. Vang kommune vil ta seg av profilering og avtale med bygdekinoen.no. Vang kommune ønsker å invitere eit lag i Vang kommune med som samarbeidspart på dugnad rundt køyring av kino.
Dette laget tek på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1500,- kvar kveld med kinoframsyning. Kinokveldar vinter og vår 2025 er : 31.1., 28.2., 28.3., 25.4., 23.5. og 20.6. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring. Oppgåva er for eit halvt år om gongen.
Søknadsfrist er 10.januar, og ein kan sende mail til postmottak post@vang.kommune.no i Vang kommune.
Det er behov for ein til to personar som må bere litt tungt, og det må vere med ein person som er med gjennom kinokvelden. Det er behov for at minst ein person kan møte ca. kl.16.00 for å vere berehjelp og det er behov for berehjelp ved slutten av kvelden ca. kl 21.30-22.00. Kino i Vang vert vist i auditorium på VBU på fredagar.
Laget må ha organisasjonsnummer.
Ved søknad treng vi følgande opplysningar:
Namn på lag
Organisasjonsnummer
Ta kontakt med Solveig Rønneberg på tlf 99246417/90840792, om de lurer på noko.