Bygdekino i Vang

Vil ditt lag gjere ein dugnadsinnsats?    

Vang kommune skal hausten 2024 administrere drift av bygdekinoen i Vang. Vang kommune vil ta seg av profilering og avtale med bygdekinoen.no, medan vi ønsker å invitere eit lag i Vang kommune med som samarbeidspart med tanke på dugnad rundt køyring av kino.

Dette laget tek på seg å arrangere sjølve kinokvelden, og for dette får dei kr 1500,- kvar kveld med kinoframsyning.  Kinokveldar hausten 2024 er : 30.8, 27.9, 25.10, 22.11, og 20.12. Laget som ønsker å ta oppgåva får opplæring. Oppgåva er for eit halvt år om gongen. Søknadsfrist er 26.august, og ein kan sende mail til postmottak post@vang.kommune.no  i Vang kommune. Det er behov for ein til to personar som må bere litt tungt, og det må  vere med ein person som er med gjennom kinokvelden. Det er behov for at minst ein person kan møte ca kl.1600 for å være berehjelp.  Kino i Vang vert vist i auditorium på VBU på fredagar.  Laget må ha organisasjonsnummer.

Les den delegerte saka i formannskapet her:

https://innsyn.iktvaldres.no/vk/wfdocument.ashx?journalpostid=2022004289&dokid=190839&versjon=1&variant=A&

Ønsker:

Namn på lag

Organisasjonsnummer

Ta kontakt med Solveig Rønneberg på tlf 99246417/90840792 , om de lurer på noko.