Demensvennleg samfunn - kurs

Vang skal bli eit demensvennleg samfunn! Dette handlar om korleis folk blir møtt på butikken, hos frisøren, på bussen, i sangkoret, og på gata. Heile Vang må bidra om vi skal få dette til.

Vi inviterer til kurs, slik at du får vite kva du skal sjå etter, og korleis du best kan forhalde deg om du møter nokon som har demens. Næringsliv og foreiningsliv er spesielt invitert, alle interesserte er velkomne. Alle kursdeltakarar får kursbevis. 

Vi har kurs på tre ulike tidspunkt og plassar:

  • Torsdag 30. januar kl 19:00 på Filefjellstuene
  • Måndag 3. februar kl 09:00 på Vang Folkebibliotek
  • Onsdag 5. februar kl 19:00 på Høre samfunnshus
     

Kurset tar ca ein time, og blir halde av Joanke Tito og Leif Solemsli, saman med resten av arbeidsgruppa. 

Meld deg på her: Vang frivilligsentral - Demensvennleg samfunn - kurs