Kommunen har hatt dialog med beredskapsaktørar i kommunen, og er ekstra førebudd på det som er venta. Kommunen følgjer med på situasjonen, og har følgjande informasjon og oppmoding:
Bortfall av telefon/internett
Ved bortfall av telefon/internett vil det bli bemanna ein satelittelefon på Vangsheimen. Her kan du få hjelp til å kontakte naudsentralar, når anna kommunikasjon ikkje fungerer.
Eigenberedskap
Kommunen vil oppmode alle til å tenkje gjennom kva grep ein sjølv kan gjere for å ta vare på seg sjølv og dei rundt seg. DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) har utarbeida konkrete råd som du kan lese her.
Ta vare på eigen eigedom
Sjekk eigne stikkrenner, avkøyringsrenner og andre vassføringar for å hindre skader på veg og eigedom i samband med den venta nedbøren. Sikre lause gjenstandar og strø private vegar.
Ikkje legg ut på fjelltur
Det er ikkje tida for å leggje ut på tur i fjellet desse dagane.
Ta vare på kvarandre
Er det nokon som kan trenge din hjelp? Kanskje er det ein nabo eller slektning som treng hjelp til å strø vegen, eller til å forstå kva som er lurt å gjere? Ta ein ekstra kontakt.
Saman er me førebudd!