Detaljregulering Klukkargrende bustadområde - høyring og offentleg ettersyn

I møte 19. mai 2020 i sak 025/20 vedtok Hovudutval for utvikling å leggje detaljregulering Klukkargrende bustadområde ut på høyring og offentleg ettersyn, jf. pbl. §§ 5-2 og 12-10.

Føremålet med detaljreguleringa er å leggje til rette for utvikling av eit nytt bustadfelt i Vang sentrum. Planen legg opp til å regulere åtte nye bustadtomter på gnr/bnr 42/1, der hovudintensjonen er å bygge nøkkelferdige hus for sal.

Vedlagt ligg saksframlegg saman med alle relevante plandokument. Merknader til planforslaget merkast med «Sak 19/489 Klukkargrende bustadområde» og sendast skriftleg til Vang kommune, Tyinvegen 5161, 2975 Vang i Valdres, eller på e-post til post@vang.kommune.no. Frist for å koma med merknader er sett til 3. august 2020.