Drikkevatnet i Vang sentrum er friskmeldt
Prøver som er tatt av vatnet, viser at det er trygt å drikke.
Det er tatt ut vassprøver 3 stader i nettet ved Vang vassverk. Prøvene viser at vatnet har god hygienisk standard. Det er ikkje lenger naudsynt at drikkevatnet blir kokt.
Det var innlekking av overflatevatn, gjennom ein sprekk i muren til reintvassbassenget, som vår årsaken til forureininga. Muren er no utbetra for å unngå at det skjer igjen.
Sist endra 16.10.2020 11.24