Brosjyre i posten
Eigenberedskapsveka 2024 startar måndag 28. oktober. Dette er ein landsdekkande kampanje som blir gjennomført av Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) i samarbeid med kommunar over heile landet.
I løpet av Eigenberedskapsveka vil alle landets husstandar få ei brosjyre i posten. Den inneheld viktig informasjon om kva du kan gjere for å førebu deg på kriser.
Norske myndigheiter tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølv i éi veke. I brosjyren får du konkrete råd om kva du kan gjere.
Vi oppfordrar alle til å lese brosjyren og styrke sin eigenberedskap!
Du finn brosjyren på ulike språk på sikkerhverdag.no
Om eigenberedskapsråda
Eigenberedskapsråda som blir presentere i brosjyren, blei oppdaterte i 2024. Dei blei lansert på sikkerhverdag.no i mai.
Hensikta med råda er at ein skal vere i stand til å dekke dei mest grunnleggjande behova i ein krisesituasjon: varme, lys, drikke, mat, legemiddel, førstehjelp, hygiene og informasjon.
Bakgrunnen for oppdaterte råd er ei forverra tryggleikspolitisk situasjon i Europa. Andre viktige drivkrafter er klimaendringar som fører til meir ekstremvêr, og samfunnet si avhengigheit av straum, vatn og mobilnett.
Les korleis du kan klare deg sjølv i ei veke på sikkerhverdag.no