Endring i Akonto-beløpet for vatn og avløp

Vang kommune informerar:

Frå og med 2025 har Vang kommune endra praksisen for utskriving av Akonto-beløpet for vatn og avløp. Tidlegare betalte ein forskot for halve året, men no blir det fakturert for heile året på førehand.

Dette medfører at beløpet på fakturaen kan verke høgare enn før, men det er viktig å vere klar over at det ikkje er snakk om ei prisauke – kun ei endring i betalingsrutine.

Når du sender inn vassmålarstanden din ved slutten av året, vil forbruket ditt bli avrekna, og eventuelt for mykje innbetalt beløp vil bli trekt frå på fakturaen som kjem til neste vår.

Endringa er gjort for å forenkle faktureringa og gi betre oversikt over dei samla kommunale avgiftene for året.

Har du spørsmål, eller ynskjer du å diskutere moglegheiter for delbetaling eller utsetjing, kan du ta kontakt med oss på e-post: post@vang.kommune.no