Er du mellom 20 og 30 år, vil vi gjerne høyre meininga di om framtida i Vang!

Er du mellom 20 og 30 år, og vil gje kommunen råd om utviklinga og framtida i Vang? Vi ynskjer innspel frå fleire ulike grupper i samfunnsplanlegginga og arbeidet med langsiktige kommuneplanen.

Dei unge stemmene er ofte fråverande i debatten, men no ynskjer kommuneleiinga å kome i kontakt med deg og høyre kva du meiner.  Vi treng å vite kva du som er i etableringsfasa tenkjer skal til for at det skal vera attraktivt for deg å bu i Vang.  Kva skal til for at me får eit levedyktig vangssamfunn, sett med dine augo?

Om du kunne tenkje deg å bidra, i eit eller to møter med ei politisk arbeidsgruppe som arbeider med desse spørsmåla, send ein liten e-post til meg. Om du bur utabygds og må reise til Vang vil kommunen dekkje kostnadane. Digital deltaking er også mogleg.  

Mvh Jørand Ødegård Lunde

Ordførar 

e-post jorand.odegard.lunde@vang.kommune.no