Kommunen er har ei viktig oppgåve gjennom regjeringas oppfylging «I tjeneste for Norge» av 2014, der sivil sektor i større grad skal sikre at den enkelte får den hjelpen og støtta ein treng og har krav på. Ny handlingsplan for oppfylging av veteranar frå internasjonal teneste er forventa vedtatt i løpet av hausten. Ein fagdag skal gje gode verktøy og kunnskap for å fylle denne rolla.
Fagdagen er i regi av regionalt fagnettverk for innsatspersonell (RNIP) for Austlandet – eit samarbeid mellom Forsvarets veterantenester, RVTS aust (regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress region aust) og sjølvmordsførebygging, NAV, familievernkontoret hos Bufetat, Sjukehuset Innlandet BUP, interesseorganisasjonar for veteranar og Statsforvaltaren i Innlandet.
Er du veteran og ynskjer å delta på denne fagdagen?
Send e-post til mathilde.anderdal@vang.kommune.no med din kontaktinformasjon. Merk e-posten med «Fagdag veteranoppfylging».
I tjeneste for Norge - Bing video
Veteraner - Forsvaret
I tjeneste for Norge
veteraner_handlingsplan_nettversjon.pdf (regjeringen.no)