Feira 25 års jubilantar i Vang kommune
Det har vorte ei tradisjon i Vang kommune å gje ei lita merksemd til dei som har arbeidd 25 år i kommunen. Tidlegare har det blant anna vore markering i Sørre Hemsing, men dei seinare år, og når pandemien har tillete det, har markeringa vore på Tyinkrysset Fjellstue.
Både Anni Marit Hjellemarken og Marit Karin kan legge bak seg heile 25 år som tilsette i Vang kommune. Anni Marit byrja i Vang kommune i 1993 som tilkallingsvikar i Fredheim barnehage. I oktober 1997 byrja ho som reinhaldar, der ho framleis er tilsett. Frå januar 2022 byrja ho som assistent ved tilrettelagte tenester avd. Bakkehaugen, der ho framleis jobbar.
Marit Karin byrja i Vang kommune i 1997 som heimehjelp, og gjekk over til pleie og omsorg ved Vangsheimen i 1998. Der jobbar ho framleis som hjelpepleiar. I tillegg har ho vore tilsett som vikar ved Vang kulturskule frå 2014 fram til juni 2022.
Gåver og blomster til jubilantane
Under markeringa 13. desember, blei det høgtidleg overrekking av både gåvekort og blomster av ordførar Vidar Eltun og kommunedirektør Erlend Haaverstad.
- Vang kommune er den største arbeidsplassen i Vang, og me er heilt avhengige av kvar enkelt arbeidstakar for at kommunen skal gje eit så godt tenestetilbod som mogleg, innleia ordføraren, som la til at det er, og skal vere, høg kvalitet på dei tenestene kommunen gir innbyggjarane.
- Derfor må me også ha godt kvalifiserte og dyktige medarbeidarar i dei ulike stillingane.
- God og trygg arbeidsplass
Eltun la vidare vekt på at han både håpar og trur at jubilantane tykkjer kommunen er ein god og trygg arbeidsplass.
- Det er både med glede og takksemd ordføraren og kommunen kan gjennomføre denne middagen, og verkeleg setje pris på dykk to og den innsatsen de har lagt ned for kommunen. Samla sett blir det veldig mange arbeidstimar.
Han runda av den høgtidlege stunda med å fortelje at kommunen er veldig godt fornøgd med jobben jubilantane har gjort og framleis gjer.
-Me håpar de vil bidra til beste for Vang kommune i mange år enno, avlsutta ordførar Vidar Eltun.
Tekst/foto: Anne Karin Skjær - personalrådgjevar
Anne Karin Skjær
Anne Karin Skjær