Feiring av den internasjonale morsmålsdagen
Fredag 21. februar kl 12.00 feirer vi den internasjonale morsmålsdagen på Vang folkebibliotek. Det blir dikt og historier på ulike språk, og konsert med Kouame Sereba.
Dette har vorte ein fin tradisjon i Vang, og feiringa er eit samarbeid mellom frivilligsentralen, biblioteket, mottakssenteret og læringssenteret. Dagen er eit flott høve til å setje fokus på alle dei ulike språkgruppene som er representert i Vang, og vi set stor pris på dei mange som vil dele av sin kultur og bidra til å vise fram det rike mangfaldet vi har i den vesle bygda vår.
På formiddagen vil elevar ved VBU få høyre Sereba, og kl 12 er altså alle som vil velkomne til konsert!
Sist endra 13.02.2020 08.36