Ferie for alle
Røde Kors arrangerer Ferie for alle, gratis sommarferie til familiar med låg inntekt. Tilbodet blir naturleg nok litt annleis i år. Dei har i år opplegg i veke 26, 27 og 28, både dagsturar og lengre opphald.
Tilbodet gjeld for familiar med svak økonomi, med minst eit barn mellom 6 og 13 år. Ferien er eit rusfritt arrangement. For Røde Kors er det viktig at heile familien reiser på ferie saman, då får familien moglegheit til å dele gode opplevingar og skape felles minner. Les meir om tilbodet på https://www.rodekors.no/tilbudene/ferie-for-alle/
Du kan ikkje søkje til Ferie for alle som privatperson. Ta kontakt med frivilligsentralen - dei hjelper deg vidare, og sender inn sjølve søknaden på vegne av deg og familien.
Kontaktinfo: e-post frivilligsentralen@vang.kommune.no eller tlf. 46 81 64 73. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.
Ferieklubben for Barn og Ungdom
Arbeiderbevegelsens rus- og sosialpolitiske forbund har følgjande tilbod:
Uke 28: Ungdomsleir på Ullerøy
Uke 28: Enslige forsørgere med barn leir på Solbukta
Uke 29: Barneleir på Strandstua
Uke 29: Ungdomsleir på Ullerøy
Uke 30: Enslige forsørgere med barn leir på Solbukta
Uke 31: Enslige forsørgere med barn leir på Biri
Ta kontakt med frivilligsentralen så får du tilsendt meir info om den enkelte leir, og søknadsskjema.
NB! På bakgrunn av situasjonen med covid-19, vil det kunne kome endringar på kor mange som kan delta på leirane. AEF vil til ein kvar tid følge gjeldande føringar for å avrense smitte, og rutinar for gjennomføring av leiren.
Kontaktinfo: e-post frivilligsentralen@vang.kommune.no eller tlf. 46 81 64 73. Alle førespurnadar vert handsama konfidensielt.