Flyktingsituasjonen i Ukraina
Kommunen følgjer flyktningsituasjonen dagleg, og har dialog med Statsforvaltaren i Innlandet om utviklinga. Me har rapportert inn til Statsforvaltaren at me i samarbeid med driftsoperatør vil ha kapasitet til å kunne ta imot 130 flyktningar på akuttmottak, og HERO har no inngått avtale med Utlendingsdirektoratet (UDI) om etablering av 130 akuttplassar for flyktningar på Grindaheim.
Kommunen jobbar med å førebu aktuelle tenesteområder for å yte kommunale tenestar til akuttmottaket. Om det vil vere behov for utstyr, møbler eller anna bistand frå lokalbefolkninga vil det kome meir info om dette. Planlagd opningsdato er 23. mars. Kommunen vil ha tett dialog med HERO dei næraste dagane og vil oppdatere informasjonen på heimesida så snart me veit noko meir.
Sist endra 09.03.2022 09.47