For å få ei så god oppfølging som mogleg og for å bli kjend med sine rettar er det naudsynt at ev. flyktningar kjem i kontakt med kommunen. Vi oppmodar difor alle innbyggjarar som er i kontakt med ukrainske flyktningar om å gje dei rettleiing slik at dei kjem i kontakt med kommunen.
Kommunens kontaktperson:
flyktningkoordinator Bertine Fretheim Neverdal, tlf 90 10 24 59
Vang mottakssenter kontaktperson:
mottaksleiar Henrik Rønningen, tlf 47 71 26 54
For Innlandet skjer registrering ved Nasjonalt ankomstsenter i Råde.
Politiet lokalt kan ved behov bistå med transport til Råde, og stadfester at ikkje-registrerte flyktningar kan ta direkte kontakt med politistasjonen på Fagernes (fysisk oppmøte eller via senterlbord) for slik bistand.
Du finn elles oppdatert informasjon om mottak og registrering av flyktninger på nettsidene til politet og på UDIs nettsider.
Slik søker du om beskyttelse (informasjon på fleire språk)
Sjå nettsidene til UDI
Registrering for å få helsehjelp
For å få tilgang til helsehjelp og hjelp frå det offentlege i Noreg må du registrere deg som asylsøkjar.
Les meir om helsehjelp på helsenorge.no