Folkeavstemming i Innlandet - elektronisk ID
Torsdag 10. februar til torsdag 17. februar vil det gjennomførast ein digital folkeavstemming om eventuell deling av Innlandet.
Les meir om det her: https://innlandetfylke.no/politikk/folkeavstemning-om-innlandet/slik-stemmer-du/
For å stemme må du ha elektronisk ID. Dette kan ta opptil ei veke å få på plass. Dei vanlegaste formene for elektronisk ID er MinID og BankID.
Skulle du trenge hjelp til å opprette MinID før avstemminga kan du besøke biblioteket og Frivilligsentralen i opningstidene:
Måndag: 11-19
Tysdag: 11-19
Onsdag: 10-16
Fredag: 12-16
Laurdag: 11-16
Det vil og bli tilbod om hjelp til sjølve avstemminga, dette vil bli kunngjort seinare.
Sist endra 26.01.2022 09.13