Vi kastar ein tredel av all maten vi produserer. I dette foredraget lærer du å vurdere maten med sunn fornuft og eigne sansar, og gi blaffen i datostemplinga - på ein enkel, velsmakande og underhaldande måte.
Thomas Horne har skrive boka Kunsten å ikke kaste mat, ein systematisk gjennomgang av korleis du kan bidra til å redusere matsvinn. Horne har også gitt ut fem kokebøker og to lærebøker i samfunnsfag, samt bestseljaren Ølbrygging fra hånd til munn. Han har lang fartstid frå m.a. Amnesty International og Flyktninghjelpen, der han jobba med menneskerettar, verdispørsmål og naudhjelp i krigssoner. Desse to diametralt ulike tilnærmingane gjer Horne til en unik matformidlar.
Foredraget er i regi av Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek, og er ein del av årets satsing på mestring og læring.