Kommunestyret behandler årsbudsjett og økonomiplan den 16. desember 2021.
Økonomiplan 2022-2025 finn du her
Formannskapet sin innstilling til kommunestyret :
1. Kommunestyret vedtek årsbudsjett for 2022 og økonomiplan for 2022-2025 med rammevedtak på etatsnivå og investeringsbudsjett i sin heilheit. Kommunestyret legg til grunn gebyrregulativ for 2022 og at sjølvkostområde innan vatn og avløp skal ha 100% dekning.
2. Kommunestyret vedtek ei låneramme for 2022 på 61.423.000 kr derav 500.000 kr i startlån i Husbanken.
3. Det skal skrivast ut eigedomsskatt i høve til eigedomsskattelova § 3 c. Eigedomsskatten skal vera 7 promille av takstverdet, jf. § 11 fyrste avsnitt. Vang kommune brukar overgangsregelen til eigedomsskattelova §§ 3 og 4 og vil følgelig skrive ut skatt på dei skatteobjekt som høyrde til under verk og bruk til og med skatteåret 2024.
Investeringsplan:
- Endre «Klukkarhaugen…» til «Sentrumsutvikling»
- Presisere Fredheim bhg
Hovudutvalet for levekår ber administrasjonen å innarbeide i budsjett 2022 ei vidareføring av 50% prosjektstilling i Leirskuleprosjektet fram til 1. juli 2022