Forslag til budsjett 2025 med handlingsplan og økonomiplan 2025 - 2028

Kommuneplanen for Vang kommune beskriv dei overordna måla som all verksemda i kommunen skal jobbe for å nå. Kommuneplanen skal også ha ein handlingsdel som meir konkret beskriv dei tiltaka kommunen vil gjennomføre for å nå dei overordna måla, og kva desse tiltaka vil koste. Dette er kommunen sin handlings- og økonomiplan, forkorta HØP.

Føremålet med HØP er altså å gjere dei overordna måla i kommuneplanen om til handling. HØP skal vise korleis langsiktige mål, moglegheiter og utfordringar i kommunen skal følgjast opp, og kva strategiar, prioriteringar og bevillingar som ligg til grunn i arbeidet for å nå måla. 
Det ligg som ein føresetnad i økonomiplanen at det langsiktige økonomiske handlingsrommet må bli ivaretatt over tid. Med dette ligg det også eit krav om at finansielle midlar og gjeld blir forvalta utan vesentleg finansiell risiko. Med andre ord kan ein si at langsiktig planhorisont, berekraftig utvikling og gode risikovurderingar er dei viktigaste elementa i ein økonomiplan. 

Dagens situasjon
Kommunestyret i Vang sett måla og rammene for HØP gjennom å vedta dei overordna planane og finansielle mål for kommunen. For å kunne føre ein langsiktig og ansvarleg økonomisk politikk er det nødvendig å sette tæring etter næring, altså å tilpasse pengebruken til dei økonomiske rammene og utsikter for framtida. Å gjere kraftige endringar i kommunen sin fart og kurs er ikkje heldig, verken for kommunen som organisasjon eller for våre innbyggjarar. Det er derfor viktig å sjå etter teikn i tida som gjer det nødvendig å gjere kursjusteringar undervegs, og med dette halde fram med ei berekraftig økonomisk utvikling. Og det er her Vang kommune er no. 

 I 2024 har me hatt eit år med

  • høge prisar på varer og tenester som har verknad på våre driftsutgifter og på tariffoppgjeret
  • framleis høg rente som har verknad på våre finanskostnadar
  • moderate kraftinntektar
  • store investeringar innen vatn og avlaup, utan tilsvarande inntekter, som har ført til eit stort underskott på  dette sjølvkostområdet
     

Desse forholda, i tillegg til nokre ekstra bevillingar gjennom året, har til saman medført at eit positiv netto driftsresultat i opphaveleg budsjett har endra seg til eit forventa negativt resultat. Når prognosane for skatt- og kraftinntekter i økonomiplanperioden også er lågare enn dei har vore, peiker alle desse forholda i retning av et det må gjerast grep for å få økonomien inn på ein meir berekraftig kurs. Det er behov for omstilling.  

Behov for omstilling
Målet med omstillinga er å kunne halde fram med eit høgt nivå på alle tenester innan kommunen sin kjerneverksemd. Samtidig skal me jobbe for å nå dei vedtekne økonomiske og finansielle måla innan 2028. Ein konsekvens av dette er at ein må sjå nytt på korleis me kan drifte kommunen meir kostnadseffektivt. Det må også gjerast innsparingar og kutt på områder som ikkje er definert som kjerneverksemd og lovpålagte tenester. Gjennom første halvår av 2025 vil kommunedirektøren saman med leiargruppa, tenesteleiarar og tillitsvalde leggje opp ein prosess for planlegging av den nødvendige omstillinga. Me vil også nytte folkvalgtdagen i april til å gje kommunestyret innsikt i prosessen og omstillingsarbeidet. Tiltaka i omstillinga vil truleg skje frå andre halvår i 2025 og utover i økonomiplanperioden. 

Satsingsområde
Samtidig som me må omstille verksemda, tenke nytt om ressursbruk og jobbe endå meir kostnadseffektivt, skal me klare å halde fram med fleire viktige satsingsområde. Alle satsingsområda som er lagt inn i budsjettforslaget har som overordna mål å skape gode liv i Vang for våre innbyggjarar. Framleis satsing på oppvekstløftet og «laget rundt barnet», satsing på bustad- og næringsutvikling, og ei satsing for å kunne rekruttere og behalde den kompetansen og arbeidskrafta me treng framover, er saman med den økonomiske omstillinga foreslått som dei fire satsingsområda for 2025. Når den reviderte kommuneplanen er vedtatt vil det vere naturleg å sjå om desse fire satsingsområda framleis er i tråd med dei overordna måla, og dermed skal prioriterast også i 2026 og vidare.

Med dette legg kommunedirektøren fram vårt første budsjettforslag til formannskapet. I løpet av november vil budsjettforslaget bli behandla i politiske utval og råda for medverknad. 14. november vil dei politiske partia kunne fremje sine innspel i kommunestyret, og administrasjonen vil ta imot og vurdere alle innspela som kjem inn. Kommunedirektøren legg fram sitt endeleg budsjettforslag til formannskapet 28. november, som så gjev sin innstilling til sluttbehandling i kommunestyret 12. desember. 

Lenke til: økonomiplan og budsjett 2025