Det er utfordrande å drifte eit leidningsnett til eit hytteområde. Nettet vil i store deler av året vere veldig lite i bruk. Då bygger det seg opp biofilm i leidningane. Når det blir meir fart på vatnet i forbindelse med auka aktivitet/besøk på hytter i ferier m.m., så løysner belegget og vatnet blir misfarga. Slik lausreven biofilm gjer ikkje at vatnet er helsefarleg.
Det blir teke ut prøver jamleg etter godkjend prøvetakingsplan. Vatnet inneheld ikkje virus, bakteriar, parasitter andre mikroorganismar eller stoffer som utgjør en helsefare.
Vi beklagar at det ikkje p.t. lar seg gjere å bøte på problem med misfarga vatn.