Fritidskassa

Illustrasjon barn leiker - Klikk for stort bilete

Vang kommune har fått midlar gjennom Bufdir til å dekke utstyr og/eller medlemskontingent for barn og unge mellom 6 og 16 år i Vang som treng økonomisk støtte til å delta i fritidsaktivitet! Dette er eit flott tiltak for at alle barn skal ha like moglegheiter til å kunne delta. 

Familiar som ønsker støtte kan søke kommunen ved å fylle ut skjema «søknad om tilskot til fritidsaktivitet» (PDF, 113 kB). Dei kan også få hjelp til å søke via ein instans dei kjenner seg trygge på. Dette kan vere:

  • Det aktuelle laget som har aktiviteten
  • NAV
  • Psykisk helseteneste
  • Læringssenteret
  • Helsestasjon
  • Frivilligsentralen
  • Skulehelseteneste
  • Barnevernet

Søknadene blir behandla av folkehelsekoordinator Caroline Solie Bryntesen som er prosjektleiar for tiltaket. Alle søknadene bli behandla konfidensielt, og informasjonen blir ikkje lagra ut over det aktuelle tilskotsåret.

Ein kan søke om inntil 1500 kr per barn per år. Når ein søker må ein legge ved dokumentasjon på utgiftene. For deltakeravgift vil tilstrekkeleg dokumentasjon være skriftleg bekreftelse frå aktuell klubb/lag/foreining. For utstyr må kvittering eller faktura føreligge for å motta støtte. For støtte til deltakelse på cup/turnering/treningsopphald, vil ein invitasjon som viser kostnad være tilstrekkeleg. 

Tenestene/laga har moglegheit til å godkjenne dokumentasjonen av utgiftene og skrive dette inn i søknaden. 

Kommunen har fått midlar for 2023 og 2024, så dette er i første høve eit midlertidig prosjekt. Vi håper dette vil vere med å bidra til at alle barn og unge i Vang kan delta i ein sjølvvalt fritidsaktivitet, slik Fritidserklæringa slår fast at alle barn har rett til. 

Ved spørsmål kontakt Caroline.marlen.solie.bryntesen@vang.kommune.no