Garanti for fiberbreiband i Vang

I 2023 inngjekk Vang kommune avtale med Eidsiva om å byggje fiberbreiband til nærare femti adresser fleire stader i kommunen. Desse områda er Liagardsvegen, E16 mellom Vang Auto-service og sør for Øye, samt på begge sider av Strondafjorden i Nedre Dalen. 

Dette prosjektet har ikkje nådd målet om 65 prosent oppslutning, difor har Vang kommune gått inn med ein garanti slik at arbeidet med fremføringa av fiber kan begynne denne summaren.

Påkoblingsavgifta er på kroner 4990 pr husstand og krevjast inn av Eidsiva. I tillegg kjem månadleg abonnement. Der er prisen avhengig av kva for hastigheit og pakke du vel. Kun breiband koster fra kroner 829 pr måned. Ønsker du høyeste hastighet brebdånd med tv-pakke vil dette liggje på kroner 1889 i månaden.

Om du er blant dei som ikkje har bestilt enno, meld di interesse her: www.eidsiva.no/vang

Lurer du på noko om den kommunale utbygging av breiband via fiber i Valdres, ta kontakt på e-post: torkjell.haugen@valdres.no eller telefon: 481 39 722.