Gjerdehald rundt hytter

Kjære hytteeigar, vi skriv til dykk for å informere om gjerdehald rundt hytter i vår kommune. Vi ynskjer å rette fokus mot beitedyr og sikre at dei har det best mogleg under beitesesongen.

 

Nettinggjerde

Mattilsynet seier dette om bruk av elektrisk nettinggjerde. "Ein del hytteeigarar nyttar elektrisk nettinggjerde, for å halde beitedyr borte frå terrassar og plen på eigedomen. Elektrisk nettinggjerde er meint å vere tilkopla straum. Utan straum er desse gjerda ei felle og fangar dyr på tilsvarande måte som fisk vert fanga av fiskegarn. Det er ikkje forsvarleg å bruke slike gjerde utan straum. Til bruk kring hytter er dei difor i praksis ueigna." Dette er i tråd med Forskrift om dyrevelferd § 15: "Gjerder som kan påføre dyr smerte eller lidelse skal ikke brukes." Vang kommune skriv på sine nettsider at "…ingen bruk av tråd eller plastnettinggjerde er tillate, verken med eller utan straum. Straumgjerde er kun for landbruket og for halde dyra på plass."

Nettinggjerde kan føre til skader og ubehag for beitedyr, og kan i verste fall vera dødeleg. Vi ber dykk difor om å ikkje bruke nettinggjerde eller andre provisoriske gjerde rundt hyttene dykkar.  

 

Alternative gjerdeløysingar

Det finnes mange alternative gjerdeløysingar som er trygge for beitedyr. Vi anbefaler bruk av solide gjerder av tre eller stål, som ikkje utgjer nokon fare for beitedyra. Kommunens nettsider har nyttig informasjon om gjerding rundt fritidsbustad: https://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/landbruk/jordbruk/beiting-og-gjerding/

 

Samarbeid for eit godt beitemiljø

Vi ber om et godt samarbeid frå alle hytteeigarar for å sikre eit trygt og behageleg beitemiljø for beitedyra våre. Ved å følge retningslinjene og lovverket for gjerdehold, bidrar de til å ivareta dyra sin velferd.  

 

Ta kontakt

Viss de har spørsmål om gjerdehold eller treng rettleiing, er de velkomne til å ta kontakt med Vang kommune, tlf.: 61 36 94 00. Viss de ser gjerde som kan vera til fare for beitedyr, så ta kontakt med eigaren av gjerdet. De kan og melde frå til Vang kommune eller Mattilsynet. Dersom de ser beitedyr i fare eller finn kadaver, så ta kontakt med tilhøyrande beitelag. Farge og nummer på øyremerke/klave gjer det enklare å finne fram til rett eigar, så noter dette ned.

 

Med vennleg helsing Vang Sau og Geit leiar Linda Jevne tlf.: 984 83 818, Vang Bondelag leiar Jørgen Kvam tlf.: 454 16 782 og Vang Bonde- og Småbrukarlag leiar Kjell Anders Haugen tlf.: 413 31 618.

 

Kontaktinformasjon til beitelag:

Øye beitelag Ivar Eltun tlf.: 952 31 189

Vang beitelag Inga Bøe tlf.: 911 94 917

Austvang beitelag Erik Andre Flaate Lien tlf.: 936 72 783

Høre beitelag Jon Hålien tlf.: 996 99 969