Kunstutvalet skriv følgjande om utstillinga:
Eline Medbøe (f.1974) er tekstilkunstnar. Ho jobbar hovedsakleg med tekstile objekt; klede, installasjonar og relasjonelle prosjekt. Verka hennar kan sjåast som ein kommentar til det enorme overforbruket som vi ser i dag. For Medbøe gir det meining i å bruke tekstilane vi kvittar oss med, til å lage noko nytt. I eit slikt materiale ligg det mange historier, minne og teikn på korleis vi lev liva våre.
Medbøe fortel at ho finn inspirasjon i eldre handarbeidsteknikkar og ulike tradisjonar for reparasjon. Dei brukte tekstilane blir arbeida med og omforma med utallege handsting. Slik blir ulike stoff frå ulike tider og personar kobla saman med nål og tråd. Ho vil vise at det slitte og brukte har ein eigen estetikk som stikk mykje djupare enn det nye og polerte.
Musikalsk innslag ved Kristina Gyllensvärd og Sigrun Bjørgo; sang og piano. Enkel servering.
Utstillinga blir ståande til midten av januar.
Bøte-treff kl. 14-16
Ta med deg noko du ønskjer å reparere, og bli inspirert til å gje plagget nytt liv! Arrangementet er i samarbeid med frivilligsentralen og Vang husflidslag.