Gjennom sommaren og fram til september vart ideane finpussa og løysingsforslaga vidareutvikla. Begge finalistane har lagt ned ein god jobb og sett seg godt inn i Vang sine behov og utfordringar. Juryen var på nytt samla i september for å peike ut vinnaren av prosjektet, og det var Klynga på Klukkarhaugen som stakk av med sigeren. Det er likevel to spennande og relevante forslag som vart utarbeida for Vang, og her får de moglegheiten til å bli betre kjent med begge to.
Klynga på Klukkarhaugen
Klynga på KlokkarhaugenDet er Eirik Høyme Rogn, Trine Grann, Endre Vik, Sigrid Skjerdal og Marius Waagaard som står bak dette konseptet. Dette skriv dei sjølv i løysingsforslaget:
Dette har vi hatt mål om å løyse:
- «Programmering» av Vang sentrum, med analyse av eventuelle nye bruksmoglegheiter for eksisterande bygningsmasse på båe sider av E16, og behov for ny bygningsmasse – basert på kva for kjernebehov vi meiner at bør løysast henhaldsvis innanfor og utanfor den definerte sentrumskjerna.
- Utarbeiding av eit robust og fleksibelt bustad- og næringskonsept, med tilhøyrande møteplassar, for arealet i aksen rundt Klokkarhaugen. Konseptet skal kunnast realiserast etappevis, og vera utforma slik at det blir mest mogleg interessant for potensielle utbyggjarar/investorar.
Les heile løysingsforslaget her. (PDF, 9 MB)
Rein mat i sentrum
Rein mat i sentrumDet er Sør Arkitekter AS v/Ingrid Kvissel og Bjørn Aase, Mat og Fat v/ Etti Salomonsen, Telemarksforskning v/Gunn Kristin Aasen Leikvoll som står bak dette konseptet. Dette skriv dei sjølv i løysingsforslaget:
Forslaget tek utgangspunkt i at Vang treng:
- Ein uformell, open og inviterande møteplass som midtpunkt i eit levande bygdesentru,
- Eit lett tilgjengeleg utsal for lokale matskattar
- Nye arbeidsplassar basert på lokale ressursar
- Varierte, lettbudde og sentrumsnære bustader
For å oppnå måla har vi fokusert spesielt på
- Ny bruk av tome bygg i sentrum, og
- Verdiskaping med grunnlag i lokale råvarer, spesielt lokalt reinskjøt. Dette er i dag i all hovudsak ein uutnytta ressurs i kommunen, ein ressurs som går ut av distriktet for foredling og sal.
Les løysingsforslaget her (PDF, 2 MB) med tilhøyrande vedlegg. (PDF, 6 MB)
Dette er Gnist
Gnist er eit innovasjonsprogram for kommuner som vil jobbe på nye måtar med stads- og næringsutvikling. Programmet gir kommunane ny kompetanse, metodar og verktøy til å ta tak i sine spesifikke utfordringar, og snu desse til moglegheiter og nyskaping.
Målet er å bidra til nye arbeidsplassar og meir attraktive lokalsamfunn i heile landet. Programmet er initiert av DOGA og Nordic Edge, i samarbeid med Distriktssenteret, Innovasjon Norge, Nasjonalt program for leverandørutvikling (LUP), KS, Siva, Forskningsrådet og Husbanken.
Norconsult er engasjert til å drive følgeforsking og metodeutvikling for å bidra til kompetansebygging og skalering. Følgeforskinga er finansiert av DOGA, Distriktssenteret og fylkeskommunene Innlandet, Rogaland og Troms og Finnmark.