Høyring av forskrifter etter ny opplæringslov
Ny opplæringslov tredde i kraft 01.08.2024. Det er tatt ein gjennomgang av tema der ny opplæringslov set krav om lokale forskrifter og kunngjering, og gjort ei tilpassing til ny lov. Det er elles berre mindre endringar av gjeldande vedtekter og reglar.
Hovudutval for levekår vedtok i møte 12.11.2024 å legge følgande lokale forskrifter ut til høyring:
- “Forskrift om permisjon frå grunnskuleopplæringa, Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 2-2
- “Forskrift om skulefritidsordninga, Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 4-5
- “Forskrift om skulereglar for Vang barne- og ungdomsskule, Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 10-7
- “Forskrift om skule- og feriedagar 2024 - 2025, Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 14-1
- “Forskrift om skule- og feriedagar 2025-2026, Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 14-1
- “Forskrift om hovudmål ved grunnskulen , Vang kommune, Innlandet”, heimla i opplæringslova § 15-2
Høyringsfrist er 7. januar 2025.
Saksframlegget kan du lese her:
Lokale forskrifter etter ny opplæringslov - høyring
Høyringsutkasta til forskriftene kan du lese her:
Høyring av forskrifter etter ny opplæringslov - Vang kommune
Sist endra 25.11.2024 09.38