Hugs utvida bandtvang til 31. oktober
Frå 1. april til 20. august er det ein generell og absolutt bandtvangsbestemmelse i loven om hundehald. Lokal forskrift om utvida periode finn du her.
I tillegg til reglane i Hundeloven, kan kommunane bestemme eigne forskrifter på områder som loven gjev anledning til. For Vang kommune er det i lokal forskrift bestemt at det òg er utvida bandtvang i tida 21. august til 31. oktober. Den utvida perioden er for å ta omsyn til husdyr på beite. Reguleringa gjeld der husdyr har lov å beite og der dei beiter.
Sjå den lokale forskrifta for Vang kommune om bandtvang her.
Lov om hundehald finn du her.
Sist endra 14.02.2023 10.26