Veterinærinstituttet har påvist harepest (tularemi) hjå fleire harar i Innlandet. Det er p.t ikkje påvist harepest i Vang kommune, men mellom anna ved Fiskeløyse i Vestre Slidre kommune.
Vang kommune vil difor tilrå at alle følgjer råda frå Fylkesmannen i Innlandet:
- Ikkje drikke vatn direkte frå bekkar eller vatn i område med harepest
- Unngå kontakt med sjuke eller sjølvdaude harar eller smågnagarar. Bruk hanskar om du må handtere slike.
- Ikke fei opp smågnagarlort, men bruk ein fuktig klut og beskytt hendene med gummihanskar
- Unngå å bli sleika av hundar som har vore i kontakt med sjølvdaude eller sjuke harar og smågnagarar
- Bruk myggbeskyttelse
- Følge råd frå Folkehelseinstituttet (lenke under) om sikring av brønnar og oppkomme
Les meir her
Sist endra 11.12.2024 09.32