Over heile landet har ei rekke arrangement innan kultur, idrett og frivilligheit vorte avlyst, utsett eller stengd. For å avhjelpe situasjonen har Lotteri- og stiftelsestilsynet i samarbeid med Kulturrådet satt saman ei krisepakke til dei ramma.
Det opnes for søknader om midlar 14. april, men allereie no ligg det mykje god informasjon, veiledning og spørsmål og svar på heimesida deira. Fordi det er kort søknadsfrist er det lagt til rette for at søkarane kan bruka tida fram til 14. april på å førebu seg.
Lotteri- og stiftelsestilsynet har den delen som rettar seg mot idrett og frivilligheit (inkludert kulturfrivilligheit). Kulturrådet har den delen som rettar seg mot arrangørar i kultursektoren.
Les meir om ordningane på Lotteri- og stiftelsestilsynet og Kulturrådets heimesider.