Det har gått to steinsprang mellom Øye og Vang i området ved Bukønokyrkjudn i dag, eit på morgonen og eit like før halv tre.
Politiet sin operasjonssentral er kontakta og er på veg til staden. Det er ikkje varsla om materielle skadar eller personskadar. Steinspranget skal ikkje ha nådd E16 og vegen er open. NVE og Statsforvaltar er orientert om hendinga.
Kriseleiinga følgjer med på situasjonen.