I 2020 vedtok Vang kommune «Rammeplan vatn og avløp Vang». Bakgrunnen var å finne ei løysing for kommunalt vatn- og avløpssystem til heile området mellom Vang Autoservice og Synshagen næringspark. Planen tek utgangspunkt i eksisteranda Vang vassverk og Grindaheim reinseanlegg.
I tillegg til å sikre vassforsyninga er hensikten med prosjektet å redusere utslepp frå private avløpsanlegg ved avkloakkering, som betyr å kople fleire til offentleg avløpsnett.
Rammeplanen har ein total investering på om lag 110 millionar kroner i nye hovudleidningar, trykkaukestasjonar og høgdebasseng. Dei fyrste etappane er allereie vedteke at skal byggast ut;
- Vassforsyning og avkloakkering av området ved Klukkargardsvegen og utbyggingsområdet Klukkargrende
- Vassforsyning og avkloakkering av bolighus og vatn- og avløpsnett til utbyggingsområdet Fjellheim Panorama
Arbeidet er i ein tidleg fase, i løpet av våren vil det bli invitert til eit informasjonsmøte for grunneigarar og nye abonnentar, anten digitalt eller på Vang barne- og ungdomsskule.
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med;
Halvor Eggen Pettersen, avdelingsleiar vatn og avløp
halvor.eggen.pettersen@vang.kommune.no
mobil: 928 56 057
Meir informasjon om rammeplanen for Vang sentrum;