Det har difor vore avtala løysingar mellom VBU ved rektor, entreprenøren Brødr.Dokken AS ved anleggsleiar og Vang kommune ved prosjektleiar. Dette gjeld mellom anna å ha eigne område for ferdsel av born, bilar og anleggsmaskinar så langt som mogleg. Gangveg og køyreveg har vore lagt om ved kryssing med grøft. Elles er bruk av kameraer rundt om på maskinene og vakter viktige delar av det totale sikkerheitsopplegget.
I område aust vil arbeida fortsetje oppover mot Klukkargrenda og vidare til dei øverste eigedomane som skal tilknyttast i denne omgang rett etter nyttår. I område vest vonar vi å kome i gang tidleg i 2023. Desse to delprosjekta skal stå ferdig sist på året 2023. Til våren vil så mykje areal som mogleg bli tilpynta igjen. For grøftearbeid som pågår til hausten/tidleg vinter 2023, avhengig av når frost kjem, vil tilpynting kunne bli våren 2024.
Denne type arbeid vil medføre ulemper for folk som ferdast/brukar vegane og områdene. Vi søkjer å gjere ulempene så små og kortvarige som mogleg.
Dersom det er spørsmål eller kommentarar, så venlegst ta kontakt direkte med Vang kommune ved prosjektleiar Harald Bjerknes, tlf. 91851500, e-post: Harald.Bjerknes@vang.kommune.no