Informasjonsmøte om vatn- og avløpsutbygging i Vang sentrum
Vang kommune skal gjennomføre ei omfattande utbygging av vatn og avløp rundt Vang dei komande åra. Det blir halde eit nytt informasjonsmøte for grunneigarar og andre interesserte på auditoriet på VBU onsdag 18. mai klokka 18.
Agenda for møtet er:
- Økonomi og dei økonomiske ordningane kommunen har i forbindig med utbygging av vatn- og avløp
- Grunneigeravtaler; kva inneber dette og kompensasjonsordningar
- Framdriftsplan
Alle grunneigarar har fått tilsendt ei avtale om varig rett til kommunalt leidningsnett over sin grunn. Dei som ynskjer å signere på møtet kan gjere det etter møtet. Det er mogleg å booke ei synfaring med kommunen for korleis utbygginga vil påverke din eigedom.
Alle eigedomer som i nærleik av utbygginga har mottatt ei varsling om dette og kva dette inneber.
Vel møtt.
VA plan Vang vest (PDF, 3 MB)
VA plan Vang aust (PDF, 752 kB)
Sist endra 05.05.2022 16.14