Invitasjon til spennande innovasjonskonkurranse

Anne Marte Før Vil du vere med å skape innovative moglegheiter for Vang kommune? Som ein del av GNIST-programmet er det lyst ut ei innovasjons-konkurranse. Konkurransen er eit samarbeid mellom DOGA, innovasjonsklyngen Nordic Edge, Distriktssenteret, Vang kommune og Innlandet fylkeskommune. 

Frist for å sende inn forslag er 7. juni 2021. 

Her er hovudutfordringa som Vang ynskjer hjelp til å løyse

Vang kommune vil skape eit levande og attraktivt sentrum der både innbyggjarar, næringsliv og besøkjande får dekt behov, og samstundes famne om dei særeigne kvalitetane til Vang. Kommunen inviterer aktørar innanfor næringsliv og andre relevante aktørar til å lage ein ny modell for bustad- og næringsutvikling som bygger på og fremjar ein tydeleg tilknyting til staden.

Detaljert konkurranseprogrammet finn du her.

Alle forslag er velkomne

Alle kan sende inn forslag: bedrifter, enkeltpersonforetak, startups, sosiale entreprenørar og frivillige organisasjonar. Me oppfordrar til å gå saman om å lage tverrfaglege og innovative løysingsforslag. 

Dei to beste forslaga får premie på 150 000 kroner

Av dei forslaga som kjem inn vil ein jury velje ut to finalistar som vil få premie på 150 000 kroner kvar for å utvikle løysingsforslaga vidare i samarbeid med kommunen. 

Høyrest dette interessant ut?

Det blir arrangert digitale møter i april der du kan bli betre kjent med utfordringa og innovasjonskonkurransen. Les meir og meld deg på her. 

 

Meir informasjon om prosjeket på DOGA sine nettsider.