Me går no mot ei ny julehøgtid, og tradisjonen tru kan det vere mykje stress og mas i førjulstida. Då er det viktig at vi tillèt oss å ta ein liten pust i bakken. Gå på besøk, stikk innom julemesser eller nyt ein konsert med både eksterne og lokale utøvarar, dette vera seg alt frå hornmusikk eller kor til enkeltartistar. Nyt førjulstida, tenn lys, ta ei pause og ro ned frå stresset i kvardagen. Lag deg gode minner og gjerne nye tradisjonar. Be naboen inn på peparkaker og gløgg, ha hyggelege middagar med familie eller vener. Ein liten hyggeleg gest kan ofte gje store positive ringverknadar.
Jula er òg tida for ettertanke, og eg tenkjer at eg er takksam for å bu i Vang. Vang kommune er ei god kommune å bu i. Me har eit godt oppvekstmiljø, gode helsetenester og fleire gode møteplassar. Gode møteplassar er viktige for tida vi lever i, uansett om det er på skulen, på arbeid, i fritida som på kafeen eller på trening. Det er viktig å kjenne på eit fellesskap. Og om du kjenner deg åleine så utfordrar eg deg til å nytte dei tilboda som finnes, ta sjansen på å delta på noko av det som skjer her i Vang.
Me bur i ei uroleg verd, og diverre ser det ikkje ut til å stoppe med det fyrste. Mange menneske er på flukt frå heimane sine og bort frå familien sin, og mange av desse kjem til vår kommune og til våre møteplassar. Då ser me eit Vang på sitt beste, der me er opne og tek imot folk. Nye folk og kulturar skapar mangfald.
Vang har mange som deltek i samfunnet vårt for at Vang skal væra ei god kommune å bu i, og denne gongen vil eg spesielt trekke fram all frivilligheit og alle frivillige som bidreg til å gjera dagane betre for andre – også i jula, tusen takk for dykkar innsats. Me har òg fleire som ikkje kan ta julefri då dei har yrker som ikkje tillèt dette, eg sender ei ekstra julehelsing til dykk som er på arbeid juledagane. Tusen takk for innsatsen.
Ta vare på kvarandre, me treng dykk alle.
Eg vil med dette få ynskje dykk alle ei god jul og eit fredeleg nytt år!