Kokepåbodet for abonnentar knytt til Ole vassverk er oppheva

Kokepåbodet for abonnentar til Ole vassverk er oppheva. Vassprøve som vart analysert i helga viser at det ikkje lenger er E-coli-bakteriar i drikkevatnet. Abonnentar er varsla frå kommunen via SMS i dag, søndag.