Kommunal kompensasjonsordning runde 6 Vang kommune
Gjennom statsbudsjettet 2021 - kommunal kompensasjonsordning til lokale
verksemder kap. 553 post 68, har Vang kommune i henhald til Stortingets
budsjettvedtak mottatt kr. 392.000,- til fordeling til lokalt næringsliv.
Målet med ordninga er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å
oppretthalde arbeidsplasser og viktig kompetanse i bedrifter. Kun bedrifter innanfor
kommunens grenser og med adresse i kommunen kan motta støtte.
Kommersielle bedrifter med følgende næringskoder kan søke:
• Nace-kode 55 (overnatting)
• Nace-kode 56 (servering)
• Nace-kode 93 (Sports og fritidsaktiviteter - ikkje idrettslag og foreningar)
Det vil bli vektlagt om søkjar har falt heilt eller delvis utanfor øvrige
kompensasjonsordningar, og kor mykje som er blitt tildelt i tidlegare ordningar.
Ordninga gjeld:
Tapt omsetning, forringa varelager, auke i kostnader som følgje av smitteverntiltak og
nasjonale restriksjonar relatert til pandemien.
Kriterier:
Støtta vert utrekna skjønnsmessig ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjon,
mengda søknader og tilgjengelig midlar og tidlegere mottatt støtte. Vi ber om at det
blir søkt om dekning av faktisk tap for å ha et likt grunnlag for utrekning av støtte.
Verksemnda må ha operativ verksemd i Vang kommune. Selskap utan tilsette kan
ikkje søke. Unntak er enkeltpersonforetak og ansvarleg selskap der foretaket sin
inntekt er minst ein av deltakarane sine hovudinntekt.
Søknaden må innehalde foretaket sitt navn og organisasjonsnummer, tilskottsbeløp
og kva anna offentleg støtte foretaket har mottatt, og kven som gitt denne støtta.Det
må bli vedlagt spesifisert dokumentasjon på tap -/ auke i omsetning og kostnader
som har oppstått i perioden, og kvifor. Siste oppdaterte rekneskap skal vedleggast.
Søknadene sendes til : post@vang.kommune.no
Søknadsfrist 15. mai 2022.
Har du spørsmål, ta kontakt via e-post : morten.johan.johansen@vang.kommune.no
og ole.martin.alfstad@vang.kommune.no
https://www.regjeringen.no/
Sist endra 21.04.2022 14.50