Kunngjering - Vedtak av kommunal forskrift for catskiing
Kommunestyret har i møte den 13.02.2020 vedteke kommunal forskrift for catskiing. Forskrifta gjev løyve til catskiing i ei prøveperiode fram til og med 15. april 2024, jf. lov om motorferdsel i utmark og vassdrag §4a tredje ledd. Det er vedteke to løypetrasear, ei i tilknyting til skiheis i Raudalen og ei i tilknyting til skiheis på Tyin/Filefjell. Forskrift med kart over løypetrase finn du i link under. Her ligg også saksframlegg med vedtak, konsekvensutgreiingar og merknadsrapport frå høyringsrunde
Det er høve til å klage på kommunestyret sitt vedtak, jf. forvaltningslova kapittel VI og forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag §4a, åttande ledd. Fristen for å klage er 3 veker.
Sist endra 18.02.2020 09.24