Kva vil vi med Vang?

Dette er spørsmålet ein gjerne stiller seg om ein er engasjert i utvikling av bygda vår. Kven er vangsgjeldingen, og kven vil vi vere?? Kva skal vi leve av i framtida? Kva skal kulturlivet vårt bestå av? 
 

Over to kveldar på Mjøsvang kafé vil Innovangsjon og Frivilligsentralen spørje - og innbyggjarane svare. 

- Kveldane vil foregå som ein kafédialog, der folk diskuterer ulike problemstillingar i grupper, presenterer sine beste idéar, og til slutt stemmer over dei forslaga som har kome fram i fellesskap. Emnene vi skal innom er identitet, næringsliv og kultur&ukultur, seier Marte Tangen på Frivilligsentralen. 

Konkrete tiltak

Smittevern skal sjølvsagt vere i fokus, og plassavgrensing er ein av tiltaka. Vi ønskjer påmelding frå alle interesserte for å ha god oversikt over kor mange som kjem. Det blir plass til 40 personar pr kveld, og denne gongen har vi valt å dele inn etter alder. 

– Alle stemmer i Vang er like viktige, og vi håpar både dei som føler seg under førti og dei som føler seg over førti tek turen for å seie si meining, fortel Hallgrim Børhus Rogn i Innovangsjon.

Målet er å peike ut ei retning for den vidare utviklinga av bygda vår – og få konkrete innspel som kan formidlast vidare til innbyggjarar, politikarar, administrasjon og næringsliv.

- At det vi diskuterar endar opp i konkrete tiltak for bygda, som både vert formidla og følgd opp, forpliktar på ein god måte. Det vert artig å sjå kva for retning vangsgjeldingane ynskjer å gå framover, avsluttar næringsutviklar Dag Inge Bruflot i Innovangsjon.

Faktaboks:

Kva:                Kafédialog: ‘Kva vil vi med Vang’

Kvar:               Mjøsvang kafe

Når:                 folk over 40: torsdag 29. okt kl 19

            folk under 40: fredag 30. okt kl 19

Arrangør:        Innovangsjon og Vang frivilligsentral

Påmelding:     namn og mobilnummer til frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73