Legatet Nils Trondsen Thune og hustru Marit Helgesdatter Kvale
Det skal delast ut stipend frå legatet til ungdom som er busette eller folkeregistrerte i Vang i Valdres, og som tek utdanning etter grunnskulen.
Søknaden må innehalde opplysningar om fødselsdato, kva utdanning du tek og økonomiske tilhøve. Du må også leggje ved skule- eller studentbevis for inneverande skuleår.
Dersom årstal ikkje går fram av studentbeviset, må du leggje ved ei stadfesting frå skulen.
Lærlingar må leggje ved kopi av lærekontrakt.
Søknadskjema: Søknad om stipend legatet Nils T. Thune og hustru Marit Helgesdatter Kvale
Søknadsfrist: 01.11.2026.
Sist endra 01.10.2026 09.06