Avisa Valdres/Torbjørn Moen
Leif Øyvind Solemsli får prisen for sin mangeårige innsats som trenar i Vang IL alpin- og freeski. Ordføraren presenterte vinnaren som er ein ekte fjellfant. Han flytta tidleg ut for å forfølge draumen sin, og har mellom anna tatt ein World Cup siger i 1999, og master frå NTNU i idrettsvitenskap. I 2007 kom han tilbake til Vang, og har sidan då brukt store delar av fritida si som alpintrenar for ungar og ungdom. Som mangeårig medlem av landslaget for Telemark har han også reist verda rundt og tevla på internasjonalt nivå, og opparbeida seg stor kunnskap og ferdigheiter som har gjort han til ein stor inspirator og eit godt førebilete for ungdommane.
Prisvinnaren fekk overrekt blomar, eit gåvekort på 5000,- samt eit flott diplom, frå ordføraren og dottera Ylva, som hadde lurt far sin med seg på bokkvelden. Diplomet er teikna av vår lokale kunstnar Alexander Haugelien, og viser fram eit godt minne for prisvinnaren, nemleg medaljeseremonien på ei sesongavslutning i alpinanlegget på Filefjell.
Ein overraska og rørt prisvinnar sette stor pris på å bli kåra til Årets positive Vangsgjelding!