Lokal smittevernforskrift
Lokal smittevernforskrift vart vedteke av kommunestyret med verknad frå 26. mars til og med 6. april. I samråd med kommuneoverlege vert forskrifta ikkje forlenga utover 6. april.
Det er likevel nokre viktige og spanande dagar føre oss no med tanke på smitteutvikling. Me kan ikkje utelukke at det kan vere smitte i bygda som enno ikkje er avdekka, så me tilrår framleis alle til å følgje nasjonale oppmodingar og smittevernreglar.
Sist endra 08.04.2021 08.54