Markering av 25 års tilsetting i Vang kommune

Onsdag 18.12.24 vart fire tilsette feira for 25 års tilsetting i Vang kommune, i koseleg lag på Sørre Hemsing.

Tradisjonen tru gjer Vang kommune stas på tilsette som har arbeida 25 år samanhengande i kommunen, og i år var det fire stk som vart markert: 

  • Anne Britt Veisene - Fagleiar løn ved Økonomi og rekneskap
  • Bente Søndrol - Fagarbeidar og SFO-leiar ved VBU
  • Åshild Leine - Reinhaldar ved Reinhaldsavdelinga
  • Helen Koppfeldt - Reinhaldar ved Reinhaldsavdelinga

 

Frå arbeidsgjevar deltok ordførar Jørand Ødegård Lunde, kommunedirektør Erlend Haaverstad og HR-leiar Solfrid J.Jægersborg. I år var me tilbake i hyggelege omgjevnadar ved Sørre Hemsing, der me feira med trerettars middag, og utdeling av flott blomsteroppsats frå Lund gartneri og gåvekort. 

Vang kommune takkar dykk for lang og tru teneste, og håpar på mange fleire år!

 

Frå venstre: Bente Søndrol, Erlend Haaverstad (kommunedirektør), Anne Britt Veisene, Åshild Leine, Helen Koppfeldt og Jørand Ødegård Lunde (ordførar)