Melding om vedtak, detaljregulering E16 Øylo -Hålimoen

Kommunestyret vedtok fylgjande i møte den 15.10.2020 sak 067/20 - reguleringsplan E16 Øylo - Hålimoen (plan-ID: 2018003):

"Kommunestyret støttar seg på dei vurderingane kommunedirektør har gjort i saka.

Med heimel i plan- og bygningslova kapittel 12 -12 vedtek kommunestyret reguleringsplan E16 Øylo – Hålimoen, planID 2018003, med følgjande endring:

  • Parkeringslomme ved Ryfossen, på sørsida av E16, innarbeidast i plankartet.
  • Kommunen føreset at SVV følgjer opp grunneigarar som søker om nydyrkingstillating og at aktuelle areal blir teke med ved utarbeiding av detaljplan for anleggsverksemda.

Dette vedtaket er eit enkeltvedtak og det er klagerett jamfør forvaltingslova §28.

  • Undergangen ved Ryfoss sentrum bør ivaretas ved utbedring av E16, det bør i tillegg sørges for at det blir tilstrekkelig plass til å anlegge sikret sti mellom E16 og Ryfossen. Målsettingen er å utnytte attraksjonskraften til Ryfossen og legge til rette for mer handel i sentrum fra de som ønsker å stoppe og se.
  • Det bør arbeidast inn moglegheit for krysning av gangveg gjennom Kvismokrysset
  • Eksisterande gatelys langs E16 i krysset ved innkjøringa til Ryfoss bør settat oppatt etter utbreiing av vegen
  • Rasteplass/parkeringsplas ved Thumleøygarden på nord og sørsida av vegen bør innarbeidast i plankartet og det er behov for  toalett
  • Ber Vegvesenet om å  vurdere gatelys ved bussholdeplassar på strekningen
  • Kommunestyret vedtek at vedtaket HU-063/20 er ugyldig med heimel i fvl. §2"

Plankart, føresegn, planomtala, saksframlegg og andre relevante dokument er tilgjengeleg i linken under.

EVENTUELLE KLAGER
I samsvar med pbl § 12-12 er grunneigarar og andre varsla, og planvedtaket vert kunngjort i Avisa Valdres i veke 44. Fristen for å klage på vedtaket er etter forvaltingslova (fvl) § 29 sett til 23.11.2020.

Kommunen opplyser om tilgangen til å be om utsett iverksetjing av vedtak inntil klagefristen er ute eller klagen er avgjord, jf. fvl § 42. Etter at klagefristen er ute, vil vi orientere forslagsstillaren, partar som saka får direkte konsekvensar for, og regionale myndigheiter om eventuelle innkomne klagar på vedtaket.

ERSTATNING/INNLØYSING
Krav om erstatning etter pbl § 15-2 og krav om innløysing etter den same lova § 15-3 må setjast fram seinast tre år etter at reguleringsplanen er kunngjord.

Dokumenter til saka ligg her.