Motorfartøy på Vangsmjøse

Sommaren er her og det er hyggeleg å sjå at mange nyt sommardagane på Vangsmjøse. Kommunen vil likevel minne om reglane for motorfartøy og særskilt det som gjeld Vangsmjøse.

I Forskrift om motorferdsel i utmark og vassdrag, Vang kommune, Oppland  står det reglar for høgste tillatne fart i områda nær strandlinja i Vangsmjøse og me ber deg som køyrer motorfartøy setje deg inn i desse reglane.  

Det står mellom anna dette:

“På Vangsmjøsa er det inga øvre grense for motorstyrke. I strandsonen innafor ei avstand på 75 meter frå strandlina kring heile vatnet er høgste tillate fart 5 knop. På strekninga mellom Vang Autoservice og Hamar utafor Vang barne- og ungdomsskule er høgste tillate fart 5 knop innafor ein avstand på 200 meter frå strandlina.”

Forskrifta kan du lese her: https://lovdata.no/dokument/LF/forskrift/2002-06-27-4874 

God sommar!