Stad: Vang Auto-Service, 2. etasje i BRP-bygget.
Tid: Kl. 08.00 - 10.30. (Frukost vert servert kl. 08.00 - 08.30)
Program (med atterhald om endringar):
08.00: Velkomst ved Helge Bjørneseth, dagleg leiar Vang Auto-Service AS og Erling Oppheim, næringsrådgjevar Vang kommune.
08.30: «Vang Auto-Service (VA)»
Helge Bjørneseth og Jonathan Øraker gjev eit innblikk i verksemda sitt univers/ avdelingar. I tillegg litt om korleis VA m.a. arbeider med marknadsføring og kva dei har lært må vere på plass for å lukkast.
08.55:«Statusoppdatering frå Tyin Filefjell»
Eirik Høyme Rogn, dagleg leiar Tyin Filefjell AS, vil orientere møtelyden om planarbeid, vidare utvikling og nye verksemder på fjellet.
09.15: «Jotunheimen og Valdresruten Bilselskap (JVB)»
Pål Eivind Østlyngen, dagleg leiar JVB, gjev ein kort oversikt/ innsikt i verksemda sine pågåande og planlagde satsingar som og kan vere nyttige for Vang.
09.35: «Nytt frå Vang kommune»
Korte orienteringar og statusmeldingar i høve m.a.:
- Pågåande og planlagde bygge- og vedlikehaldsprosjekt ved Thorleif Leine.
- Næringsstrategien for Vang ved Erling Oppheim.
- KPA og resipientkartleggingar ved Magnus Lajord og Ingeborg Lunde.
10.05: «Nytt frå Vang utvikling, Futurizing Vang, Synshagen næringspark og Kontorfellesskapet 1724» Korte orienteringar og statusmeldingar ved representantar for organisasjonane og satsingane.
10.30: God arbeidslyst!
Påmelding til erling.oppheim@vang.kommune.no så snart som råd er og seinast innan tysdag 28. april.