Nasjonal varslingsprøve med test av nødvarsel 8.januar
Onsdag 8. januar klokka 12 blir Nødvarsel på mobil og Sivilforsvaret sine varslingsanlegg testa over heile Noreg i ei felles nasjonal varslingsprøve.
Informasjon om test av nødvarsel
Det er politiet som sender ut testen av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samtidig tyfonane med signalet “Viktig melding - søk informasjon.” Varslingsprøva den 8. januar blir gjennomført over heile landet, rundt klokka 12. Det betyr at mobiltelefonar i heile landet vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal, samtidig som tyfonane uler.
You can read the information in English here
Dette skjer når Nødvarsel blir testa:
- Testen blir utløyst mellom klokka 11.55 og 12.10 den 8. januar.
- Når du mottar testen, vibrerer telefonen og spelar av ein høg, sireneaktig lyd i om lag 10 sekund.
- Ein tekst dukkar opp på skjermen. I teksten står det at dette berre er ein test.
- Varslet kan "dragast" vekk eller fjernast ved å trykkje "ok" (Dette kjem an på kva type telefon og operativsystem du har).
- Teksten i varslet kjem i to språkversjonar – éi på norsk og éi på engelsk. Kva for ein versjon du får, kjem an på telefonen din og språkinnstillingane dine. Du kan få varslet på norsk, engelsk, eller begge språk.
Slik finn du meir informasjon om Nødvarsel
For mer informasjon, besøk Nødvarsel sine nettsider ved å klikke på lenka her.
Sist endra 06.01.2025 15.26